Fremje Sauda
Fremje delte innsikt om korleis Sauda kan posisjonere seg under «Fremje Sauda» – eit arrangement om underkommuniserte moglegheiter og framtidig potensial for industribyen i Ryfylke.
Den 15. januar 2026 samla Sauda kommune næringsliv, fagfolk og lokale aktørar til fagdagen Fremje Sauda. Vi køyrde full bil frå Haugesund til Sauda for å høyre om ambisjonane og utfordringane i industribyen.
Det særs godt namngjevne arrangementet Fremje Sauda samla eit breitt program med innlegg om destinasjonsutvikling, rammevilkår for investorar, ny teknologi og næring, og regional samhandling. Mellom innleiarane var representantar frå Portal Norge, New Kaupang, Rytech og Haugaland Vekst – alle med ulike perspektiv på korleis Sauda kan styrkje sin posisjon.
Korleis Fremje Sauda?
Karoline runda av konferansen med ei analyse av det politiske landskapet og konkrete råd for korleis lokale aktørar kan kome tidleg inn i avgjerdsprosessar – der sjansane for gjennomslag er størst. Presentasjonen la vekt på at effektiv påverknad handlar om å vere til stades der alternativa framleis er opne, men at det sjeldan er for seint å engasjere seg.
– For ein kommune som Sauda, med sterke industrielle tradisjonar og tydelege ambisjonar, er det avgjerande å jobbe strategisk mot dei som sit med avgjerdsmakt, sa Karoline.